Val 2025

Velkomen til informasjon om stortings- og sametingsvalet 2025!

Stortingsvalet
Valdagen er måndag 8. september. Førehandsstemming  i perioden 11. august – 5. september. Tidlegstemming frå 1. juli.
På valdagen må du stemme i den kommunen du er manntalsførd, dvs. der du er folkeregisterførd den 30. juni 2025.
Du kan førehandsstemme i alle kommunar i landet.

Sametingsvalet
I Luster kan du berre førehandsstemme ved sametingsvalet, ikkje på valdagen. Du kan førehandsstemme til sametinget på dei same plassane som til stortingsvalet.
For å ha stemmerett ved sametingsvalet, må du melde deg inn i Sametinget sitt valmanntal innan 30. juni 2025 og vere busett i Norge same dato.

Meir informasjon om stemmelokale, opningstider og korleis du kan stemme, finn du her på heimesida når valet nærmar seg.

Hugs at stemma di er viktig – ver med og påverke framtida!

Sjå resultat frå tidlegare val