A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

7. kl

veke 37

Dette har vore ei veke der me har jobba godt i faga. Det byrjar å gå seg til med alle dei forskjellige bøkene elevane skal forhalde seg til i 2.klasse. Me avslutta veka med ei god økt med fysisk aktivitet. Nyt det fine haustveret! Lat borna vere mykje ute i helga! God helg!

2014-09-12

veke 36

Me er godt i gang med skuleåret. Elevane vil nok bruke noko tid på å finne kome inn att i dei gode rutinane frå i fjor, men dei er på veg!  Denne veka hadde me besøk av DKS (Den kulturelle skulesekken.Det var ei teaterframsyning som bygde på boka "Oldefars ulveskinnspels". Spennande og litt skummelt. Me har elles hatt 14 dagar med vekevenner no. Det har vore kjekt, men òg utfordrande å leike med dei ein ikkje alltid leikar med. Elevane er spente på kven dei neste vekevennene deira er. Det får dei vite måndag. God helg! 

2014-09-05

v.35

Dette har vore ei veke med mykje fysisk aktivitet. Symjing måndag, kroppsøving i dag og ein flott fjelltur til Krundalen torsdag. Det vart ein dag med nydeleg haustver og fint terreng å gå i for liten og stor. Berre blide fjes overalt! Elles jobbar me med arbeidsro i klasserommet. Noko er nok gløymt frå i fjor i så måte også og må repterast. Elles minner me om foreldremøte i v. 36. De finn lapp i sekken! God helg!

2014-08-29
Foreldremøte

FELLES FORELDREMØTE OG KLASSEFORELDREMØTE 02.09.14

Me ynskjer alle føresette ved Gaupne skule velkomen til foreldremøte tysdag 2. september.

 

18.00 - 19.00: Klasseforeldremøte for 2., 3. og 7. klasse (sjå eigne innkallingar, ev. infomasjon på vekeplanen)

19.00 - 20.00 Felles informasjon for alle klassar i aulaen Sakliste storforeldremøte 02.09.14.pdf

20.00 - 21.00 Klasseforeldremøte for 4., 5. og 6. klasse (sjå eigne innkallingar, ev. infomasjon på vekeplanen)

2014-08-29

Fjelltur torsdag 28. august

Torsdag 28. august dreg alle elevar og lærarar ved Gaupne skule på tur til Krundalen. 

2014-08-26

v.34

Då har me kome godt i gang med skuleåret. Denne veka har gått med til å bli kjende med nye bøker, nytt klasserom og ny lærar. Den nye læraren er så langt særs nøgd med tilveret i den nye klassen sin! Det vil ta nokre dagar før elevane blir vane med nye rutiner. Men noko "gammalt" har me sjølvsagt med oss, mellom anna å lese mykje (me har kome godt i gang) og å ha arbeidsro i arbeidsøkta. Frå v. 35 får elevane vekevenner som dei skal leike med eit friminutt kvar dag i to veker før me byter til ny vekevenn. God helg!

2014-08-22
norovirus

SMITTEVERN

I 2. klasse er det no utbrot av mage-tarminfeksjon. I samband med dette, vil me nytte høve til å minne dykk på at det skal gå 48 timar frå siste utbrot til barna kjem attende til skulen. Elevar ved skulen har for tida familiemedlemer med redusert immunforsvar. Desse er ekstra sårbare for smitte, og me ber difor alle om å vise ekstra omsyn.

http://www.fhi.no/dav/c8c427af35.pdf

2014-08-19
087

v.25

Førsteklasseteamet takkar for eit flott skuleår og ønskjer elevar og føresette ein fin sommar! Vel møtt til nytt skuleår 18.august.

2014-06-20

v 24

Då er veke 24 over òg! Det er mindre av fag no og meir av sosiale aktivitetar. Tysdag var det generalprøve til sommarfesten. Han skaper alltid ekstra forventning til  festen om kvelden. Og sommarfesten var som vanleg fyllt med flott song, kaker og brus. Onsdag hadde me "vanleg" arbeidsdag. Torsdag var det idrettsdag for heile skulen. Dette vart òg ein kjekk dag trass i kaldt og surt ver. Veka vart avslutta med ein flott tur til Gjellene saman med 2.klassen. God helg!


 

2014-06-13

veke 23

Denne veka òg har det vore mykje god aktivitet i timane. Elevane produserer flotte tekstar, først i skriveboka og så på data. Så teiknar dei til.  I matematikk jobbar me med repetisjon. I tillegg øver me på tala til 100 og gjerne lenger..... Me tel annakvart tal oppover så langt me kjem (2-4-6....). Me jobbar med å bli trygge på korleis tala mellom 10 og 20 ser ut. Me øver på songane til sommarfesten òg, sjølvsagt! Onsdag var me på tur frammi Grindane. Der møtte me neste års førseklassingar på uteplassen deira. Det var ein flott dag med mykje fin leik. Me minner om at det er fridag måndag 2.pinsedag.  God helg!

2014-06-06
Powered by CustomPublish AS