A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

7. kl

veke 22

Ei kort, hektisk skuleveke er over. Me minner om at det er fridag fredag òg!

God helg!  

2014-05-28

veke 21

Enda ei god arbeidsveke er over. No om dagane er det repetisjon som gjeld, både i matematikk og norsk - i tillegg til å lese mykje, sjølvsagt. Tysdag laga me broderkjede saman med barnehagen. Nokre frå rådhuset var der òg. Torsdag hadde me besøk av den kulturelle skulesekken: To menn og ei tavle. Det var svært kjekt  for både små og store. God helg!

2014-05-23
norsk_flagg_stang

veke 20

Denne veka har me sunge mykje, så me er godt budde til 17.mai. Me har òg laga fine rosettar til fana vår. Desse får borna med heim over helga. I dag har me øvd på å gå i tog og rope "hipp hipp hurra". Borna har store forventningar til morgondagen. Me ønskjer alle ein flott 17.mai!

2014-05-16

veke 19

Dette har vore ei travel veke. Elevane har gjort unna både lesetest og matematikktest. Me held trykket oppe med god jobbing i norsk og matematikk. Det nærmar seg 17.mai. Det inneber at det òg må øvast på nasjonalsongen og andre songar som skal framførast den dagen. God helg!

2014-05-09

veke 18

Dette var ei kort veke, men me rakk mykje likevel. Tysdag var klassen i Hotla på vårtur etter lunsj. Onsdag var me i fjøsen til Sondre. Der såg me på alle dei fine små lamma, og jamen fekk me oppleve ei lamming òg! I tillegg til ekskursjonane har me både skrive, rekna og sydd. God langhelg til alle saman! 

2014-04-30

veke 17

Dette har vore ei veke med fine, varme dagar. Elevane har jobba godt i timane og kosa seg ute i sola i friminutta. Onsdag var neste års førsteklassingar på besøk. Det var stas. God helg!

2014-04-25

veke 15

No har me hatt fine vårdagar med både regn og sol, så  ungane sprunge rundt i vårkle ein dag og og full regnhabitt neste dag. Dagane har vore travle med lesing og  skriving, og dessutan har me hatt mattetest. Og påskekjuklingane vart ferdige! God påske til alle saman!

2014-04-25

veke 14

Ei veke med mykje godt ver! Tysdag var klassen på tur for å sjå etter vårteikn. og fekk løn for strev i form av flotte hestehovar. Onsdag hadde me besøk av "Den kulturelle skulesekken". Det handla om ei særs bortskjemd jente som fekk ein kraftig oppvekkjar. Spennande og litt skummel! Elles jobba me på det jamne denne veka òg sjølv om ho vart kort! God helg!

2014-04-03

veke13

Dette har òg vore ei veke der elevane har jobba godt i bøkene sine. Dei jobbar godt i både Zeppelin og Multi. I Multi jobbar me mykje  både praktisk og med arbeidsark i timane, slik at dei både får god forståing for korleis dei skal arbeide med sidene i boka og  bryne seg på litt vanskelegare ting. I kunst og handverk lagar me påskepynt. Det kan no vere ei overrasking kva det er! Turen denne veka gjekk til Storegranden. Spennande og litt skummelt! Veka vart avslutta med ei god økt med fysisk aktivitet. God helg!

2014-03-28

veke 12

Dette vart ei ekstra kjekk veke for ungane! I tillegg til at dei har jobba godt med fag i klasserommet, har dei basa i snøen. Det er stas med store snødungar som kan brukast til litt av kvart! Utfordringa er å ha nok tørre kle å ha på seg når dei kjem klissvåte inn att etter friminutta. Tørkeskåpet går for fullt, men det er fint om de sjekkar behaldninga av bytekle for barnet dykkar. Og hugs ekstra vottar!! God helg!

2014-03-21
Powered by CustomPublish AS