A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

7. kl

v.11

Nok ei god arbeidsveke er over. Denne veka har me hatt med oss David og Benedikte frå ungdomsskulen eit par - tre dagar. Dei har vore eit triveleg, friskt pust i klasserommet. Dei har teke tak og vore ekstra hender både i timane og friminuttane. I dag, fredag, har skulen hatt vitjing av forfattaren Erlend Loe. Han las frå eit par av bøkene sine, og elevane fekk stilla spørsmål om bøkene hans. Det var spennande for både elevane og dei vaksne på skulen å få møte ein ekte forfattar! Ei flott stund i aulaen! God helg!

2014-03-14

v.10

Den første veka i den første vårmånaden er over. Det har vore ei god arbeidsveke. I dag, fredag, har klassen vore ute heile dagen. Dei har vore saman med fadrane sine og friluftslivstudentar frå Hisf. Dei har leika, vore i jungelløypa, spikka flis til bålet og laga mat i Parken. Det har vore surt ver, så det var godt å få varm suppe og litt varme frå bålet. Det e fint om elevane har bytevottar liggjande på skulen. I dag vart det nok ein del blåfrosne fingrar. Men alt i alt ein kjekk dag!! God helg!

2014-03-07

God helg!

Denne veka vart litt annleis enn vekene brukar å vere. Tysdag hadde me ein flott skidag på Heggmyrane. Tre studentar frå Hisf hadde opplegget, og elevane storkosa seg. Sjølv om det vart ein del knall og fall, var alle like blide. Kanskje me skal håpe på meir snø til neste vinter, slik at me får litt meir trening? Me er jo kjende for å vere fødde med ski på beina.... I dag, fredag, har me hatt besøk av Den kulturelle skulesekken. Det var ein flott konsert! "Morgonsamlinga" vår var svært vellukka. Flinke ungar og lydhøyrt publikum. Me minner om at det er symjetime måndag.

2014-02-28

Morgonsamling

Den kulturelle skulesekken kjem på skulen med framsyninga "Fart" fredag. Dei kjem før klokka ni og har mykje å rigge opp. Av den grunn er aulaen oppteken, og  me må utsetje morgonsamlinga til seinare på dagen. Foreldre og besteforeldre er såleis velkomne til morgonsamling omlag klokka 13.35 fredag 28.februar. Vel møtt!

2014-02-27

God vinterferie!

Då har me avslutta ein særs god arbeidsbolk. Sjølv om det har vore ein del fråver grunna sjukdom, har det vore fin arbeidsro i klasserommet. De foreldre gjer ein fin jobb med å halde ungane oppdaterte på kva me jobbar med på skulen når dei har mista dagar fordi dei er sjuke. Det er bra for kontinuiteten i arbeidet! Tysdag etter vinterferien planlegg me skidag på Heggmyrane. Det er tre friluftslivstudentar frå Hisf som har ansvaret for aktiviteten denne dagen. Sjekk sekken for meir informasjon måndag i veke 9.

2014-02-14

God helg!

Denne veka vart litt annleis enn vanleg. I tillegg til god jobbing med lesing og elles arbeid i timane, har me hatt mattedag. Første og andre klasse jobba i tverrklassegrupper og emna var tangram og symmetri. Samarbeid var eit nøkkelord her. Elevane var interesserte og jobba godt med dei ulike oppgåvene.  Tysdag var me på vitjing i barnehagen. Det var tydeleg at det var kjekt å vere attende på gamle tomter! Kjekk dag!

2014-02-07

Kantine

Me minner om  kantina torsdag:  pizzabollar kr 15,00

2014-02-03

veke 5

Nok ei travel, god arbeidsveke er over! Dei fèr fort vekene! Det er no tid  for læreplakaten for 4.bolken. Denne ligg i sekken. Barnet ditt og du må saman arbeide dykk gjennom han. Du finn òg eit skriv i sekken om trafikktryggingstiltak ved skulen.  Dette er viktig lesnad! God helg!

2014-01-31

veke 4

Denne veka har me hatt mykje fråver i klassen på grunn av oppkast og hovudverk. Me finn difor grunn til å minne om at barnet bør vere heime i 48 timar etter siste oppkast for å minimere faren for smitte. Me har no stort trykk på lesing, og elevane tykkjer det er stas å bruke datamaskinane til å lage word-dokument. Sløyd/trearbeid har òg vist seg å vere skikkeleg kjekt å drive med. God helg!

2014-01-24

v.3

Nok ei god arbeidsveke er over. Me ser at det blir jobba godt heime òg. Det er bra, for det er heilt nødvendig for god fagleg utvikling! I friminuttane er det fin aktivitet, og med kjølden kom òg dei raude gode kinna. Veka vart avslutta med frisk aktivitet i gymsalen God helg!.

2014-01-17
Powered by CustomPublish AS