A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

....og brått var haustferien her

Så var me kommen for ein liten oppsummering inn mot haustferien. 

polen1
polen2
POLEN3
POLEN4
POLEN5
POLEN6

Kvardagen på Hafslo barne- og ungdomsskule er travel og variert for både elevar og vaksne. Dette året er som kjent spesielt med tanke på at det er bygging på skulen. Me føler likevel me har fått ein god start på skuleåret.

Denne veka starta med fellessamling, der 5. klasse synte oss sang og dans. Dei har "Bli me-dansen" på plass allereie. 10. klasse har vore i Polen/Tyskland, og dei synte oss bilde frå turen. Dei har hatt sterke opplevingar frå det dei fekk sjå der nede, samstundes har dei hat mange gode stunder saman, og det var nok ein godt samansveisa gjeng som kom heim. Klassen hadde temakveld saman med foreldra onsdag, der det var framføringar frå prosjektarbeida i samband med turen.

4. klasse hadde torsdag kulturøkt, der dei fekk synt fram noko av det dei har jobba med i haust.

Mellomsteget var fredag på tur, der dei gjekk ruta Stemmingo-Tvangen-Raude kors-hytta, og tilbake til skulen. Ein kjekk tur i flott haustvèr. Bilder frå turen kjem nok på heimesida etterkvart.Mellomsteget nytta torsdagen til flytting til nye og flotte klasserom og dei startar opp der etter haustferien. Dei skal no nytte hovudinngangen til Samfunnsbygget som inngang til klasseromma sine.

Då ynskjer me alle ein god haustferie!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS