A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

10. klasse er i Tyskland og Polen

No er reisa til 10. klasse godt i gang. Dei har hatt mange timar i buss og kryssa grensa til Polen på laurdag. Etter ein fin dag på Kiel-ferja og god stemning på bussen, venta det sterke inntrykk på søndag. Turen gjekk til Auschwitz 1 og Auschwitz 2 Birkenau med omvising i konsentrasjonsleiren. Saman med lærarar, foreldre, tanter og besteforeldre skal kull 2002 vera på reise fram til fredag. Me håpar dei har det fint saman og ser fram til fleire oppdateringar. 

 

pausePolen2002
bussPolen2002
utsiktPolen2002
Auschwiz
krakowPolen2002
Krakow2Polen2002
saltgruvenePolen2002
folklorePolen2002
middagPolen2002
BerlinmurenPolen2002
minnesmerke2002
sovebussPolen2002
tropicalPolen2002
Brandenburgertor2002

Måndag: Litt fritid med shopping og livet som turist i Krakow var på sin plass i dag. Deretter var det omvising i spektakulære Saltgruvene. Kvelden vart avslutta med middag og folklore! 

Tysdag vart det ein lang busstur. Målet var Tropical Island med bading og middag. Så køyrde dei vidare til Berlin.

Onsdag: Rundtur i Berlin.

Torsdag: På veg mot Kiel og ferjeturen tilbake til Oslo.

Fredag ettermiddag er gjengen tilbake til Hafslo. Velkommen heim! 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS