A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lappo hotel

10.klasse på studietur - Kobierzyce

No er dei reisande frå Hafslo innkvartert på Lappo hotel i Kobierzyce - Polen, eit par timars køyring frå grensa til Tyskland. I morgon tidleg går turen vidare til Oswiecim med omvisning med lokal guide i konsentrasjonsleirane Auscwitz II Birkenau og Auscwitz I.
Nedanfor kan de lese ei direkte helsing frå 10.klasse. posta 22.45 torsdag 20. september.

Heisann:)

Turen så langt har vore flott, med eksemplariske elevar som tek ansvar, viser omsorg og respekt. Båtturen var nok ikkje like kjekk for alle pga. store bølgjer, men dette vart fort gløymt då me kom til Tyskland.

Me har no sjekka inn på første hotellet i Polen,Lappo, som er eit 4- stjerners hotell. Alle har ete god middag og er no klare for senga. I morgo går reisa vidare til Krakow og Auschwitz. Me er så heldige å ha med oss eit tidsvitne, Håkon Sørbye, som var ein NN fange. Oppdateringer kjem.

Helsing
10.klasse
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS