A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

7. kl

Utviklingssamtalar veke 43 og 44

Det blir gjennomført utviklingssamtalar for elev- og foreldre i vekene 43 og 44. Sjå oversikt i sekkane til elevane om de ev må byte tidspunkt.

2013-10-21
Frå utstillinga

Munch-utstilling

Lite skrik, men mykje flott å sjå!

2013-10-17

Klasseforeldremøte

Det blir klasseforeldremøte i klasserommet på skulen, tysdag 24.september kl 17.

2013-09-22
Arbeid med Munch-figurar

Munch

Elevane har latt seg inspirere av Munch - utan at dei visste at det var det dei var...

2013-09-17
Ved matbordet

Nyplukka bringebær og blåbær

Syltetøy sto på planen, og det er ingen sak når ein har ein morgonfrisk elev som plukkar bær frå eigen hage og tek med på skulen! :)

2013-09-17
Møte med fadrane

Møte med fadrane

5.-7.klasse er fadrar for 5 åringane, 1. og 2.klasse. Me har vore på tur i lag, og me har starta med lesing.

2013-09-17
Maling

Klassereglane er på plass

Det var høg lyd og mykje latter i klasserommet då me skulle laga klar plakaten med klassereglane!

 

2013-09-17
Omvisning v Anders Bolstad

Val 2013

I samfunnsfagstimen i dag tok me turen ned til vallokalet på Skjolden. Der blei me møtte av tre smilande og hjelpsame funksjonærar. Anders Bolstad tok oss med på ein omvisning i vallokalet og forklarte oss korleis valrutinane er. Elevane fekk både sjå og lese på listene til dei ulike partia før me gjekk ut att i gangen der Anders viste oss stemmeurna der stemmesetlane skulle oppi, og fortalde meir om kva som skulle skje vidare utover dagen.

Etter omvisninga sat elevane i gangen og såg på då læraren gjekk inn i vallokalet, kom ut att med stemmesetelen i handa, vart avkryssa i manntalet, fekk stempla stemmesetelen og putta han i stemmeurna.

Tusen takk for ei flott guida tur i og om valet!

Då me kom opp att på skulen jobba me vidare med valet, og elevane hugsa nesten alle dei politiske partia i Sogn og Fjordane.

Nå er me spente på resultatet og kven som blir den nye statsministaren i Noreg! Godt val!

2013-09-09
Spennande

Val av styre i klasseråd

Kampen om leiarplassen vart jamn og spennande!
2013-08-22
Måling

Kunstnarspirer

I kunst og handverkstimen i dag fekk fantasien fritt spelerom med måling og pensel.
2013-08-20
Powered by CustomPublish AS