A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

VEKE 39 OG 40

Vekene før haustferien var aktive og flotte veker med mykje spennande ting som skjedde på SFO. I veke 39 starta me opp SFO kor, og det vil me prøve å ha kvar onsdag frå ca 14.00 - 14.30. 

Fredagen i veke 39 laga me plastelina. Det var kjempespennande og moro for liten og stor å sjå og bruke resultatet. Flott og god plastelina å bruke for små barnehender. Fredagen før haustferien skulle me ha starta med å lage duskedyr, men det flotte haustveret kunne me ikkje motstå. Det vart utedag i stadenfor duskedyr. Me tek det att seinare. 

Me har hatt tomatsuppe med masse makaroni, og me har òg servert pannekaker. Populær mat for små og store.

På tavla vår, rett innafor SFO-døra, heng det ei mappe med månadsplanar. Ta med deg ei heim om du vil.

2016-10-17

VEKE 38

Enda ei flott SFO veke er over, og denne veka imponerte ungane oss vaksne. På tysdag kutta me grønsaker, og onsdag laga me grønsaksuppe med pølse, og ALLE ungane smakte, ikke berre ein gong, men fleire gonger. Dei fleste likte suppa veldig godt, men dei få som ikke likte valgte knekkebrød eller flatbrød. Flinke ungar som torer å smake på noko dei eigentleg ikkje likar. 

Me har leika både ute og inne. Nokre ungar er veldig glad i sandkassa, medan andre likar seg på bana. Nokre turnar og nokre berre tullar rundt.... nett slek som me ynskjer å ha det, godt og variert. 

På fredag måla me haustbileter som skal limast inn i ramme og pynte eine veggen i gangen vår. Her blir det mykje flotte bileter å sjå på. Gled dykk.

 

2016-09-26

VEKE 37

Vekene flyg fort avsted,og nok ei SFO veke er over. Aktivitetane våre på SFO er varierte og gode. Ungane er flinke til å finne ulike aktiviteter å halde på med på SFO, og dei varierer mykje individuelt. Mange spel vert brukt mykje og ofte, og "kroken" vår (bak skiljeveggen) er populær. 

Ukas aktivitet (fredagsaktivitet) tjuvstarta på torsdag sånn at me fekk sjå litt av resultatet på fredag. Ingunn var/er ansvarleg for den flotte ideen om å lage eit vennetre. Alle ungane, og dei vaksne fekk maling på handa si og trykte den på ein papptallerken. Den blir klipt ut og hengt opp på ein trestamme. Med utgangspunkt i haustfargar får me eit flott vennetre i fine haustfargar. 

Varmmat i veke 37 var makaroni og kjøttsaus. 

2016-09-19

VEKE 36

Forrige veke var det mykje aktivitet på SFO. Me har hatt leik både inne og ute. På fredag (aktivitetsdagen) laga me masse figurar i trolldeig. Laila var ansvarleg for denne dagen, og ho traff verkelig blink. Dette tykte ungane var kjempemoro, og dei viste stor iver og kreativitet. No blir det spanande å få alt turka og måla etterkvart. 

Varmmat i veke 36 var pølsepizza, og ALLE åt veldig godt. Kjekt når alle ungane eter det man lager, 

Foreldremøtet var på onsdag kveld. Kjekt med dei som møtte opp, men hadde vore kjekt med fleire foreldre til stades. Referat frå møtet kjem.

2016-09-14

Veke 35

Forrige veke var me, på grunn av veret, ein god del inne. Det er kjekt for alle borna å få bli godt kjend og trygg på nye SFO,en vår. Me ser at nye leikar og spel fell i smak, og blir mykje brukt, og at dei minste finner nye leikevener på tvers av klassane. Kjempeflott :) 

Fredag var fyrste aktivitetsdagen vår. Då lagde me bilder av barberskum, lim og konditorfarge. Kjemegøy for alle å prøve noko nytt. 

Varmmat var fiskeburgere på torsdag. Litt uvant for dei minste å få varmmmat ein godg i veka, men dei kjem nok fort inn i rutinane våre. 

HUKS FORELDREMØTE ONSDAG 7.SEPT. KLOKKA 19.00

2016-09-05

Veke 33 og 34

Tiden flyr, og me har allereie kommet godt i gang med tredje veka på sfo. Me har hatt ein veldig fin oppstart på sfo, med masse fin leik både ute og inne. Nye elevar på sfo ser ut til å finne seg godt til rette på, og dei "gamle" tykkjer det er stas med heilt ny sfo. 

Me har fokus på å bli kjend dei fyrste vekene, og korleis me ynskjer å ha det på sfo. Me har SFO-REGLAR, og dei har me jobba litt med no i starten. 

Fredag i veke 34 hadde me pølse og potestappe til mat. Me kjem til å ha varmmat ca ein gong i veka.

FORELDREMØTE PÅ SFO VERT PÅ ONSDAG 7.SEPT KLOKKA 19.00 - 20.00

2016-08-31

Fakturering SFO

Det vart ved ei feiltaking sendt ut faktura på matpengar for SFO i veke 34. Denne fakturaen kan de sjå vekk frå. Matpengar er no lagt inn på den månadlege fakturaen de får frå SFO, og skal ikkje betalast for seg sjølv slik som tidlegare. Ved spm ta kontakt med administrasjonen på tlf: 57 68 85 20

2016-08-29

NYTT SFO ÅR

Velkommen til nytt SFO år på Hafslo SFO. 

Heilt ny SFO, med helt nye møblar, litt nye leikar, mange nye 1.klassingar og enda fleire 2. til 3. 4 klassingar. Dette blir BRA :) 

Me som jobbar på SFO er veldig spente og klare for nye spenande dagar som me ynskjer å fylle med leik og moro. 

Foreldremøte på SFO får de snart innkalling til, og me vil prøve å få det på same dag som 1. klasse. De vil få lappe i skulemappa til borna.

VELKOMMEN

2016-08-15
Powered by CustomPublish AS