A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

sfo,sommar4

Sommar SFO

SFO har sommarope, og her er nokre bilde frå noko av det dei har laga siste dagane, flott!

2016-06-28

OPPSUMMERING SISTE VEKER

Dei siste vekene som har gått har det ikkje blitt informert her på sida, men no kjem ei lita oppsummering.

Me har hatt nokre aktive veker no, med masse uteleik, Judith har laga seljefløyte med dei som ville det, me har hatt foreldrekaffi som var veldig kjekk med flinke ungar som hadde sirkus i gymsalen, og mange foreldre og syskjen på besøk. Me har rydda og pakka på SFO, og no er det snart historie å bruke gamle gymsalen til SFO. 

Me har laga mykje god mat, blandt anna fisketaco, fiskekaker og makaroni, pizza og salatbuffet. Borna på sfo er veldig flinke til å ta utfordringane dei får med å smake på ting dei ikkje har smakt før. Det har vorte litt "poppis" å tore å smake, noko me som jobbar på sfo tykkjer er veldig kjekt. 

Alle borna på sfo skal no ha fått med seg det dei har hatt i skuffa si på sfo. Nokre hadde mykje medan andre ikkje hadde noke. 

Minner om at me frå i morgon (1.juni) har ettermiddags-sfo på skulekjøkkenet, og frå måndag 6.juni er all sfo drift ved skulekjøkkenet.

2016-05-31

No blir det litt endringar framover på SFO

VIKTIG INFORMASJON

Frå neste onsdag, 1.juni, blir SFO på ettermiddagane nede på skulekjøkkenet. Me serverer maten der nede, og vil prøve å vere mest mogleg ute etter mat. Henting av ungane på ettermiddag blir ved skulekjøkkenet eller på uteområdet.

Frå måndag 6. juni vil all SFO vere ved skulekjøkkenet. All levering og henting av borna, både morgon og ettermiddag blir flytta. Gamle SFO bygget vert frå denne datoen heilt stengd.

Har de spørsmål så ta kontakt med personalet på SFO, eller administrasjon.

Tlf SFO: 908 09 228                  Tlf adm: 57 68 58 20 

Helsing SFO personalet

2016-05-24

VEKE 16

Denne veka har vore variert og flott på SFO. Me prioriterer å vere ute når veret tillet det, så då må andre aktivitetar av og til vike plassen for uteaktivitetane våre. 

Me hadde data som tema denne veka, og alle ungane som var på SFO i byrjinga av veka har fått ei stund på dataen. Me har hatt flott uteleik, og ungane kosar seg med ulike vårleikar. 

På torsdag begynte vi å forberede maten til fredagen. Salat stod på menyen, og det skal seiast at vi vaksne var spente på korleis ungane ville like dette. Det vart kutta opp grønsaker av ulike slag, og me laga brokkolisalat med mykje godt oppi. Nye typar dressing vart òg laga. På fredag vart alt sett fram som ein salatbuffet, med brød attmed. DET VAR VELDIG KJEKT MED MATBORDET DENNE DAGEN !!! Dei fleste ungane tok utfordringa om å smake på ting dei ikkje hadde smakt før, og stemninga rundt borda var kjempegod. Dette prøver me om att om ikkje så mange veker.

Seljefløyte-prosjektet vårt må me utsetje til uti Mai. Det er fortsatt for tidlig å lage fløyter, og me har ikkje fått noken respons på hjelp frå bygda.

DERSOM DE KAN, ELLER VEIT OM ANDRE SOM KAN LAGE SELJEFLØYTE, VER SÅ SNILL Å TA KONTAKT MED OSS PÅ SFO.

2016-04-26
dragepusen

SFO

SFO vil denne våren lage seljefløyter, og i samband med det ynskjer me kontakt med personar som kan vere med å lage det. Så kan du, eller noko du kjenner, lage seljefløyte, så er me takksame for tips.

Fyrstkomande tysdag(19. april) får me forfattarbesøk av Anette Skarsbø. Ho skal lese frå boka si "Dragepusen".

2016-04-15

LITT OPPSUMMERING FRÅ DEI SISTE VEKENE

Etter påske har me vore mykje ute, noko dei fleste ungane tykkjer er fint. Det er vårleikar som står i fokus no, med hoppetau, slengtau, fotballen er godt i gang og hoppestokkane er tekne i bruk igjen. Kunstgrasbana er òg veldig populær, så vi har vore ein del der også etter at snøen reiste.

Sidan me har vore veldig lite inne i det siste har det vore litt vanskelig å følgje månadsplanen.... til dømes skulle me ha måling som tema denne veka, men me har prioritert å vere ute. Dei teikna vårteikningar ute på måndag i stadenfor måling. 

Me har hengt opp ein plakat på SPAR der me søkjer etter nokre som kan lage seljefløyte med oss den siste veka i april. Me har ikkje fått hendvendingar endå, men håpar på at det er nokon som kan dette, eller kjenner noken som kan. Fint om de kan spørje litt rundt med naboar eller besteforeldre.

Me har hatt litt varmmat og i vekene som har gått. Ostesmørbrød, tomatsuppe og fiskeburgere har blitt servert etter påske. På tirsdag laga me lappar som ungane fekk etter at dei hadde hatt ei god økt på bana. Veldig populært.

2016-04-15

VEKE 9

KARNEVAL !!!

Denne veka er det karneval som har vore i fokus. Me har laga masker med stor iver denne veka, og forventningane steig utover veka. Og FOR ett flott karneval me hadde på fredag. Mange flotte kostymer og masker, pitapizza til mat, leikar som studentane våre hadde planlagt, og sist men ikkje minst, godteposar. 

Me har òg fått tid til å starte på litt påskepynt, og dei neste to vekene vil bli prega av påskeaktivitetar. 

Ta ein titt på nettbrettet vårt som heng rett innfor døra på SFO. Der ligg det no masse nye bileter frå både sirkuset og karnevalet.

2016-03-06

VEKE 8

FOR EI VEKE! Me har hatt ei kjempekjekk veke med førebuingar til sirkus, og gjennomføring av sirkus. Sirkus blei trekt som palsbelønning, og måndag starta me opp med å øve til dette. Me nytta gymsalen, og ungane delte seg fint inn i små grupper etter eige ynskje. Dei øvde godt, og onsdag var det generalprøve til den store sirkusdagen på torsdag. Alle deltok og synte fram noke med stor iver og innlevelse, og etterpå var det opp på SFO å "handle" i kiosken. Der vart det servert popcorn, saft, frukt og kjeks. Kjempepopulært, og dette vil me garantert gjere flere gonger.

Tysdag hadde me varmmat, og kjøttsaus og pasta stod på menyen. ALLE åt, og dei åt veldig godt. Kjekt å lage mat til så fornøgde ungar.

Me har to jenter fra vidaregåande med oss, som går på barne- og ungdomsarbeidarlinja. Dei har delteke aktivt i lag med oss, og me er glade for å ha dei med oss ei veke til.

 

2016-02-29

VEKE 5

Denne veka hadde me fastelaven som tema. Måndagens plukking av fastelavensris vart utsett til tysdagen på grunn av veret. Ris vart pynta i flotte fargar. Onsdagen var ein gjeng med og baka bollar. og fredag hadde me fastelavenskos. Då vart det servert bollar med både krem, vaniljekrem og syltetøy. Veldig fornøyde ungar og vaksne tok helg.

På torsdag hadde me PALS-belønning. Pals belønninga dei trekte denne gongen var "spel". Ungane var i ulike spelegrupper, og dei kosa seg masse.

Me har òg fått masse tid ute i flott snøleik. Det er mykje moro å finne på ute no når me fekk litt snø.

2016-02-09

VEKE 3

Denne veka var me litt på isen, litt på skuleplassen og litt inne. Ein tur i gymsalen fekk me òg tid til, noko ungane tykkjer er kjempekjekt. Her er det berre frileik, og alle ungane er veldig aktive her. Ekstra stas vart det då me sette på musikk så dei som ville fekk danse.

På torsdag hadde me fiskeburgere til varmmat, noko som alltid er populært. På fredag vart det laga kakao til dei som ei overrasking og fredagskos til maten. Denne dagen hadde me òg ryddedag på SFO, klosserommet og andre leikekrokar vart effektivt rydda, og ungane er veldig flinke til å "ta i eit tak" når me har ryddetid.

2016-01-25
Powered by CustomPublish AS