A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Photographer: M. Lodum Phone: +4

Fantastisk framsyning i Sogndal kulturhus som fenga alle frå 1. til 10. klasse!!

ASKELADDEN PÅ NYE EVENTYR

Gjennom spektakulære akrobatiske krumspring og smittande energi formidla dansegruppa Absence frå Bergen norske folkeeventyr på ein ny og spennande måte.
Framsyninga har dansen i sentrum og er bygd rundt kjende folkeeventyr. Elevane fekk møte Espen Askeladd og brørne hans som skulle prøve å vinne prinsessa og halve kongeriket. Vi veit alle korleis det endar, men kva som skjer med Askeladden på veg til kongsgarden er ei anna historie.
Absence samla dei mest kjende og kjære folkeeventyra til ei framsyning med musikk, humor, skodespel, halsbrekkande akrobatikk og ikkje minst mykje fantastisk dansing. Slik har vi aldri før sett Bukkane Bruse!!!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS