A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Dagens matematikktime

I dag har me kosa oss i mattetimen med gruppearbeid, teikning og lego.
bilde_800x1067
1 (2)
2 (2)
Først teikna dei ulike gruppene opp mange tekstoppgåver som Hilde las opp, og jammen fekk dei til både teikning og rett svar!
Etterpå var det nye grupper og bygging av lego. Dei skulle byggja ulike figurar etter teikningar frå alle kantar av bygget. Det var hektisk aktivitet for å henta 2-arar, 4-arar og 8-arar i legokassane. Nokon var vanskelege, andre lettare.
Etter at gruppene hadde bygd opp alle modellane, fekk dei bruka legoen fritt.
Medan gutane fort var i gang med flybygging, kom jentene på at dei skulle byggja så langt dei greidde med 8-arar på golvet. Då 8-arane var oppbruka måtte dei settja saman to 4-arar eller ein 2-ar og ein 6-ar. Og jammen vart han lenger enn 2 meter! 2 meter og 25 cm heilt nøyaktig!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS