A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Demokratiet råder!

I dag har me hatt val i storskulen.

Fyrste klasseråd i haust
Fyrste klasseråd i haust
Lesestund
Lesestund
Lesestund
Lesestund

Hos oss er det slik at dei eldste har fyrsteretten til å bli valde inn som klasserådsleiarar og elevrådsrepresentantar. 7.klassingane var difor spente, og dei var førebudde på å halde kvar sin valtale for å få flest mogleg til å stemme på seg til klasserådsleiar, nestleiar og skrivar. Etter talane var me klare for skriftleg og hemmeleg stemming. Alt gjekk riktig for seg og når stemmene var talt opp vart resultatet av valet slik:

Leiar: Kristian

Nestleiar: Kristine Maria

Skrivar: Pia

Etter valet var det klart for det fyrste klasserådet, og det var mange saker å ta opp. Nokre av sakene var elevhyller kontra faghyller i klasserommet, vennebenk, innkjøp av tennisracketar m.m. Fleire saker er på trappene, og postkassen blir nok flittig brukt.

Me har også hatt lesing på planen i dag, og det er godt å ha moglegheit til å roe heilt ned med ei god bok!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS