A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Ei veke er over....

Det fantastiske haustvèret held fram, og mange klassar har denne veka hatt gode undervisningsøkter både inne og ute.

BYGG-SEPT1
20150911_122503
KANO-SEPT1
KANO-SEPT2
Cirkus Agora i Mosjøen kulturhus
Cirkus Agora i Mosjøen kulturhus
TROLLSKOGEN-SEPT-15

Det fantastiske haustvèret held fram, og mange klassar har denne veka hatt nokre fine undervisningsøkter både inne og ute.

Tysdag hadde me "Cirkus Agora" på besøk. Her var det balansekunst og sjonglering av høg klasse. Trur nok mange av elevane vart inspirert av han.

1. klasse var torsdag på tur saman med 6. klasse. Flotte bilder og reportasje på klassesidene. 1. og 7. klasse var fredag på tur saman til Trollskogen. Samværet som fadderklasane har er veldig nyttig for alle elevane. her vert dei betre kjent med kvarandre, og dei største er veldig flinke til å ta ansvar og hjelpe dei yngre elevane. Som de ser frå bilde i Trollskogen, så er det på tide med litt "oppgradering" av basen vår der. Dette er noko me håpar å få til i løpet av hausten.

Fleire av klasane har no strikking i Kunst- og handverk. God innsats, og betre og betre strikketeknikk kjem på plass i fingrane til elevane. "Øving gjev meister".

Valfaget "Fysisk aktivitet og helse" var fredag på tur til Straumane for fisking og kanopadling. Elevane sykla fram og tilbake til Straumane. Her vart det garantert mange gode opplevingar.

10. klasse er som kjent i Polen denne veka. Me ser fram til å få høyre frå turen deira etterkvart.

Dei nasjonale prøvane er like rundt hjørna, og klassane som skal ha nasjonale prøvar er i gang med førebuingane til det. Nasjonale prøvar er for 5. klasse, 8. klasse og 9. klasse.

Bygginga tek no verkeleg form, både utvendig og innvendig. Som de ser på bilda, så ser me no korleis noko av bygningane vil sjå ut.

Måndag 14. september er det val. Vallokala på Hafslo er på "Gamle vidaregåande". Bruk hovudinngangen på oppsida der.

Ha ei gode helg!

 

Kjell

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS