A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Fagdag om folkehelse

Temaet for perioden mellom nyttår og vinterferien har vi kalla Folkehelse. I dag fekk oppvekstsenteret besøk av tannpleiar, Røde Kors, helsesøster og kommunen sin folkehelsekoordinator som fortalde om ulike sider ved temaet. Dette har vore ein lærerik og spennande dag!

Folkehelsekoordinator
Folkehelsekoordinator
Klassen øver på å legge kvarandre i sideleie
Klassen øver på å legge kvarandre i sideleie
Røde Kors
Røde Kors
Reklamearbeid
Reklamearbeid
Reklamearbeid
Reklamearbeid
Sideleie
Sideleie
Tannpuss
Tannpuss
Trim Puls
Trim Puls
Vatn
Vatn

Fyrstemann ut i storskulen var Sissel Brun, som er tannpleiar i kommunen. Ho understreka at det som er sunt for kroppen også er best for tennene. Viktig med faste måltid og drikke mykje vatn! Neste mann ut var Yngvar Andersen, som me henta inn i klasserommet via nrk programmet Puls, og då fekk me trimma oss ørlite grann i klasserommet før me tok pause og trimma meir ute. Mens me venta på Andrè Vindedal frå Røde Kors hadde me ei kort økt med engelsk. Då Andrè kom fortalde han oss korleis Røde Kors vart starta, og litt om alt arbeidet Røde Kors driv ute i heile verda, før han fortalde, forklarte og viste korleis born også kan hjelpe og varsle viss dei kjem opp i situasjonar der det er nødvendig. Etterpå øvde me på varsling og korleis undersøke om ein person pustar og å leggje han i sideleie. Veldig viktig og nyttig kunnskap! Sistemann ut var Britt Veum Hauge, folkehelsekoordinatoren i kommunen, som greip tak i utviklinga av vanane me har i kvardagen, og at det er viktig for både trivsel, humør og konsentrasjon å vere fysisk aktive - minst 60 min kvar dag! Elevane fekk boltre seg med reklameoppdrag i grupper på slutten av denne økta; Korleis vil de at skal ein plakat for friluftsdagar for born på dykkar alder skal sjå ut? Lag eit utkast til ein slik plakat som gjer at de får lyst å vere med på tilbodet!

Ein veldig lærerik, variert og kjekk dag! TUSEN TAKK til alle dykk som besøkte oss og bidrog til denne supre FOLKEHELSEDAGEN!

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS