A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Fellessamling 4. september

I dag hadde me ei kjekk fellessamling for heile skulen. 2. og 7. klasse hadde eit kjempeflott program. Me er så imponerte over kva dei får til. 

IMG_3249
IMG_3250
IMG_3251
IMG_3252

2. klasse hadde øvd inn mange fine sangar og sjarmerte oss med eit fint kor. 7. klasse hadde storband med kor og inviterte til allsang med Olav Stedje-sangar. Til slutt fekk me sjå eit TV-program dei hadde laga sjølv i eit prosjekt i engelsk. Elevane prensenterte nyheiter frå inn og utland, vêrmelding og reklamefilmar. Gode prestasjonar både som skodespelarar og filmregissørar. 

Etter underhaldninga delte me ut gåve til to av jubulantane våre siste tida, Hege og Else Karin. Gratulerer med overstått! 

Alle fekk sjå kor fint det var blitt i gymsalen med nylakka golv. Me oppfordrar difor alle til å ta godt vare på det. 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS