A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Fin konsert med Olav Stedje

I dag  var Olav Stedje på skulen og holdt konsert for elevane frå Hafslo, Solvorn, Veitastrond og Indre Hafslo. Det var god stemning med omlag 280 personar i samfunnsalen.

Han leverte ein flott konsert, var flink til å få med elevane i samtalar og allsong. Olav framførde mange av sine mest kjende songar, og taket løfta seg då "Stao no pao" vart spelt.  Konserten var avslutta med stemningsfulle "Det lyser i stille grender". Konserten, og snøen som kom idag, har sett oss i god julestemning.

Olav Stedje er ein populær artist, og me sette pris på at han tok turen innom Hafslo barne- og ungdomsskule på "Lustraturnèen" han har denne veka.

autograf
olavstedje2
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS