A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Fuglekrasj

I morges small det i glaset bak i klasserommet med det same 1. og 2. klasse var komne inn og sett seg ned.

Kva var det?

Liten omtåka kjøttmeis
Liten omtåka kjøttmeis
Klappa kjøttmeis
Klappa kjøttmeis

Svein som stod med blikket attover i klasserommet, hadde fått med seg ein fugl som flaug rett mot vindauget.

Og då han kom ut, låg det ein liten kjøttmeis og pusta tungt mellom buskane utanfor klasserommet. Han tok den forsiktig opp og bar han inn i klasserommet slik at alle fekk sett han og klappa han forsiktig.

Etterpå gjekk alle ut i lag med Svein for å sleppa han fri, men han var nok fortsatt litt omtåka og flaug berre rundt inni overbygget. Han landa oppå ein glaskarm og sat der lenge. Heldigvis var han borte då vi kom ut til friminutt.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS