A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

God helg

Hausten har for alvor teke tak, og etter ein fantastisk haust, har me denne veka fått kjent på vind og regn.

GÅ1
RAKETTAR
RAKETTAR2

Tysdag gjennomførte me den årlege "Gå til skulen-aksjonen", der alle elevane gjekk til skulen. Kjekt å kunne ta imot elevane og dei tilsette då dei kom gåande saman til skulen. Sjå ellers eiga sak på heimesida om dette.

På aldersblanda(5.-7.kl) laga ei gruppe papir-rakettar, og hadde naturleg nok oppskyting av dei.Kjempeartig og lærerik aktivitet. 6. klasse hadde torsdag sosialkveld med elevar og foreldre. Mange kjekk aktivitetar og god mat. Viktige tiltak dette for at elevar og foreldra skal vere godt kjende med kvarandre.

Denne veka har 5.-10. klasse gjennomført elevundersøkinga, den vil gi oss tilbakemelding på trivsel og motivasjon hjå elevane våre. 

FAU hadde møte torsdag denne veka, og referat frå det møte kjem på heimesida etterkvart. FAU er dette skuleåret samansett slik:

Wenche Sollid(leiar), Carolin Ruud(nestleiar) Lise Vik-Haugen(sekretær). Medlemar; Elin Hilleren, Aslaug Øydvin, Sigfrid Ahlin, Ruth Karin Kvam, Nina Hauge Sørensen, Jan Ølnes, Hans Martin Brusegard, Lisbeth Skjerven, Gunnar Eikemo.

Minner om Kulturkafèen for 1.-4. klasse komande torsdag kl 18.00.
 

Ha ei gode helg (...og hugs å stille klokka ein time tilbake natt til søndag)!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS