Hausten på veg
Fyrste skuleveka hadde fantastisk flott sommarver, denne veka har me fått kjent litt på at hausten er i anmarsj.
Me er no i godt gjenge etter sommarferien, rutinane er komne på plass att, og undervisninga er kommen godt i gang. Foreldremøta er i gang, og denne veka har 10. klasse hatt sitt "Polentur"-møte, og SFO har hatt sitt foreldremøte.
1. klasse har hatt tur til "Kråkeskogen", der dei hadde god leik. Dei var og nedom vatnet, der dei såg fisk som hoppa. 1.-4. klasse hadde månda aktivitetsdag på skuleområdet. Sjå flotte bilde på klassane sine sider.
Mellomsteget er i gang med "Aldersblanda", elevane er delt i grupper, og har undervisningsopplegg i "temaene" naturfag, friluftsliv, mat & helse og IKT. Friluftslivsgruppa prøvde seg i kano for fyrste gong. Kjempespennande, kjekt og god læring for elevane.
Ungdomsteget er dette året i "Vidaregåande-bygget". Klassane er vel installert, og det verkar som dei trivst godt der. Dei nyttar seg mykje av uteområdet på nedsida av skulen.
10. klasse arrangerar laurdag(29. aug) den årlege fiskefestivalen, så får me håpe at det vert rikeleg med fisk på alle deltakarane, og at arrangøren går gode inntekter. Så spørst det om nokon klarar å få tak på "Hafslobesten". Lukke til med arrangementet og fiskelukka!
Ha ei gode helg!
Kjell