A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
polen - kart

Helsing frå 10.klasse i Polen

Hei!

Søndag morgon forlot ein trøtt gjeng hafslo busstopp strake vegen mot Oslo. Då me omsider kom fram stilte me oss i kø, for ankomst til Kiel- ferja. Nokon trente og nokon bada, og nokon slappa av på rommet, men dei fleste var innom taxfreen. Då klokka var 17.30 var det middag på Grand buffet, det var veldig god mat. På kvelden var det disko for alle reisande på vår alder. Der blei ein kjend med andre folk og det var veldig kjekt. Me ankom Kiel klokka ti dagen etter. Da vart me sendt rett på bussen, og slapp ikkje ut før etter ni timar. Men me hadde mykje stopp og fekk høyra på musikk på høgtalarane. Me sov på Novotel denne natta.

Klokka 06.00 var det frukost på hotellet. Me reiste 45 min seinare mot leiren Auschwitz. Denne dagen var hard og spennande. Det er ganske umulig å forestille seg alt som skjedde der. Middagen og lunsjen åt me på Center Dialog, der me fekk servert brødmat og seinare på dagen suppe og viltsvin. Me kjørte i ein time til Krakow, og overnatta på hotell Junior. Det er alt me har gjort til no, men me reiser på omvisning i saltgruvene i morgon og det gleder me oss til.

Masse klemmer frå oss i 10. klasse, foreldre og lærarane! :-)

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS