A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Skuleåret 2020-21

Info om nytilsette og nye rutinar på HBUS

Skulen har fire nytilsette dette skuleåret. Johannes Lund og Leif Kvamme Lysne er pedagogar og underviser både på barneskulen og ungdomskulen.

Anders T. Løvlid og Tone Helen Kvalen er tilsett som miljørettleiarar og jobbar i skule og Sfo. Berit Marie Hauge har blitt pensjonist så me har omorganisert litt i administrasjonen. Når de tek kontakt med oss er det Anita Sjøtun, Gjertrud Storvik, Kari Merete Henjum eller Hilde Holte Selland de treffer i administrasjonen. Når det gjeld utleige av skulen og samfunnshuset sine lokaler så er det førebels ikkje høve til det. Me avventar i henhald til Koronasituasjonen, p.g.a. gult nivå. Me tek kontakt med dei som er interesserte når det vert klarsignal frå kommunen si side. Så håpar me på eit godt haustsemester slik at me med tid og stunder kan få grønt nivå:-)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS