A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Jowan Gauthier

Is it classical? Is it rock? YES! From New York to Hafslo!!!

Storfint besøk på Hafslo i dag. Engelsk fiolinvirtuos busett i New York heldt konsert på skulen!!
Daisy Jopling er ein klassisk fiolinist utanom det vanlege. Den Londonfødde musikaren debuterte i Royal Albert Hall då ho berre var 14 år gammal. Ho spelte også for 30.000 menneske i Wien under opninga av Wienerfestspela i 2005. i dag spelte ho for omlag 70 menneske på Hafslo.


I mange år var ho med i gruppa Triology og gav ut fleire kritikarrosa album. Sidan har Daisy flytta til New York, og etablert seg som ein ettertrakta artist i musikkmetropolen. Daisy sitt musikalske utgangspunkt er å gjere den klassiske musikken tilgjengeleg for flest mogleg, gjennom virtuositet og speleglede, og ikkje minst massevis av energi.

Vi fikk oppleve ein grenselandet mellom klassisk og rock. Turneen er ein del av Sogn og Fjordane sitt 250-års jubileum.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS