A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Julehelsing frå Hafslo barne- og ungdomsskule

Laurdag 24. november vart Ingeborg brått reven frå oss. Så urettferdig og meiningslaust. Heile skulen står saman i sorga, og dei gode minna vil me alltid ha med oss. Tankane våre går særskilt til dei aller næraste.

No nærmar det seg ein velfortent juleferie for både elevar og vaksne ved Hafslo barne- og ungdomsskule. Siste skuledag (fredag 21. desember) møter me på skulen til vanleg tid, før me klassevis går ut til kyrkja for felles julemarkering 09.00. Denne dagen er skulen slutt 11.30, bussane går heim klokka 11.40. Det er SFO for alle i 1-4. klasse ut skuledagen. Elles er det ordinær opningstid.

I juleferien er det ingen ungar på SFO. Første skuledag for 1-7. klasse etter nyttår er torsdag 3. januar. Ungdomsskulen startar fredag 4. januar.

Me vil ynskje alle ei fredfull Jul og eit riktig godt nyttår.

Beste helsing alle tilsette ved Hafslo barne- og ungdomsskule.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS