A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Kor lang er ei avisside?

Dette skuleåret har vi forska ein del på lengde.
I dag skulle me konkurrera om laga den lengste papirremsa av ei avisside.
IMAG1227_640x1135
IMAG1228_640x1135
IMAG1230_640x1135
IMAG1243_664x374
Elevane fekk ei utfordring:
Dei fekk utdelt ei side av Sogn Avis og ei saks.
Lag den lengste papirremsa du kan!
Alle fann ut at dei måtte klippa av ei remse av langsida på rektangelet.
Alle remsene var like lange!

Så forska me litt vidare, og nokon oppdaga at remsa vart enno lenger om dei klipte ei diagonal remse. Den var "pittelitt" lengre enn langsida.
Alle remsene var like lange!

Så gjekk det ikkje lang tid før nokon meinte at om me klipte rundt og rundt på avissida, så kunne me kanskje få ei remse på minst to meter!
Og då starta konkurransen: Klipp den lengste lenkja, teip er ikkje tillatt, så pass godt på når du klipper!

Nokon vart fort ferdige og bar remsa si ut i allrommet for måling, andre bruka lang tid.
Alle skulle måle opp remsa si med museskritt, og så skreiv me opp resultatet på eit ark.
Det varierte frå 14 til 51,5 skritt.
Men kvifor var Hilde si remse 32 museskritt, men likevel lenger enn ei remse med 38 museskritt?

Me fann ut at det var sikrast å måle med meterstokk! Me merkte opp meter for meter på golvet i allrommet (Men tørka og vaska etter oss, Mona!),og undervegs fann me lengda på alle remsene.
Dei varierte frå 2 meter og 70 centimeter til 11 meter(!).
Så skreiv me opp dei lengdene og til slutt laga me ei resultatliste.
Dette var ei kjekk arbeidsøkt med mykje tenking, engasjement og læring!

Og forresten byrjar me kvar tysdag og torsdag med ei lita matematikkøkt med dagens tal.
Elevane kan alltid fortelja mykje om dato-talet. Om det er partal eller oddetal (i dag vart primtal introdusert og forska litt på, forresten), nabotala, tvillingtalet, det dobbelte, halvparten, romartalet, faktorisering, tiarara og einarar....
Flinke matematikarspirar!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS