Kulturkveld-suksess
Onsdag hadde 1.-4. klasse sin årlege kulturkveld med underhaldning og kafè. Elevane imponerte stort under framføringane med dans, song, skodespel, gåter mm.
Gymsalen var smekkfull av foreldre, sysken, besteforeldre som koste seg med den gode underhaldninga. Etter underhaldningsdelen var det kafèar rundt om på skulen. Her fekk ein seg diverse forfriskningar.
Overskotet av inntektene får til FORUT-aksjonen der me støtter barn i Nepal som ikkje har det så bra. Kor mykje pengar som kom inn har me i skrivande stund ikkje oversikt over, men det kjem me attende til.
Takk til alle frammøtte, og takk til alle elevar og tilsette som gjorde dette til ein strålande kveld.
Klikk på les meir, og du får fram fleire bilde.