A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Minnemarkering - Kjære foreldre

Fyrstkommande sundag vil det vere ei minnemarkering i høve at det er 25 år sidan den tragiske hendinga som tok livet av Arve Beheim Karlsen. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery vil vere med å avduka eit minnesmerke, i tillegg til at det vil vere appellar og kulturinnslag. Avdukinga skjer klokka 16:30 i Sogndal, på Granden ved Sogndalselvi.
På Hafslo barne- og ungdomsskule er me oppteken av at våre elevar skal få gode haldningar slik at dei kan stå i mot urett og rasisme, og at dei opplev samhald og inkludering både på skulen og i lokalmiljøet. Me vil difor oppmode alle, både foreldre og elevar, om å stille opp på minnemarkeringa, og vise at me står saman mot rasisme! Mvh Hilde Holte Selland, rektor HBUS

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS