8. mai-markering

Det blir markering av frigjeringsdagen og den nasjonale veterandagen i Solvorn 8. mai kl 17.00 ved minnesteinen ved kyrkja. 

Ordførar Andreas Wollnick Wiese held tale og legg ned krans.

Frigjeringsdagen og den nasjonale veterandagen blir markert over heile landet. Denne merkedagen minnest me dei som har gjeve sitt liv for fridommen vår. 

Me viser støtte og honnør til alle norske kvinner og menn som har gjort og gjer ein innsats for å verne om freden og demokratiet. I 2025 markerer me 80-årsminnet for frigjeringa i 1945.

Arrangør: Sogndal kommune, Vik kommune, Luster kommune og Heimevernet