Badevasskvalitet

Sjølv om det er litt mindre sol no enn tidlegare i sommar er badevasskvalitet ved dei kommunale badeplassane ved Lustrafjorden godkjent.

Badevasskvaliteten vart målt 5. august ved dei tre kommunale badeplassane; Luster (Myrane), Skjolden og Solvorn. Målingane er innanfor akseptabelt område.

Bakgrunnsinformasjon:

Dersom ei vassprøve har eit så høgt innhald av termotolerante koliforme bakteriar og/eller fekale streptokokkar at vatnet vert sett til ikkje akseptabel vasskvalitet gjennomfører Luster kommune ei vurdering, i tillegg til å ta nye, oppfølgjande prøver.

Det er særleg målingar av tarmbakteriar (vesentleg e-coli) og intestinale enterokokkar som seier noko om badevasskvaliteten. Kontroll av badevasskvaliteten blir gjennomført av den enkelte kommune etter «Forskrift om miljørettet helsevern» (Lovdata). Prøvane er tekne etter ”Vannkvalitetsnormer for friluftsbad”.

Vurderingsgrunnlaget for vasskvaliteten ved friluftsbad er gitt i tabellen under:

Parameter

God

Mindre god

Ikkje akseptabel

Termotolerante koliforme bakterier/100 ml

< 100

100-1000

> 1000

Intestinale enterokokkar (fekale streptokokkar) /100 ml

< 100

100-1000

> 1000

 Følgjande resultat frå målingane 30.juni 2025:

 Dato/Stad

20.05-1

20.05-2

10.06-1

10.06-2

30.06-1

30.06-2

05.08-1

05.08-2

Kvalitet ved sist måling

Skjolden

<10

<10

<10

<10

<10

<10

178

150

Mindre god

Luster

10

<10

31

<10

<10

<10

20

50

God

Solvorn

<10

<10

<10

<10

20

20

31

50

God
  1. Termotolerante koliforme bakteriar (e-coli)
  2. Intestinale enterokokkar  (fekale streptokokkar)