Detaljreguleringsplan for Hestnes

Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune har vedteke å leggja detaljreguleringsplan for Hestnes revisjon – planID 2024001 ut på offentleg ettersyn. Vedtaket vart gjort i møte 16.09.2025 (sak PFU 65/25). Dette i medhald av plan- og bygningsloven § 12-10.

Hestnes på Hafslo - Klikk for stort bileteHestnes på Hafslo Ørjan Talle

Bakgrunnen for planarbeidet

Bakgrunnen/målet for planarbeidet er å oppdatera planverket, slik at det samsvarer med gjeldande plan- og bygningslov av 2008, samt etablert situasjon. Planområdet består per dags dato, av fleire planar med aukande avvik mellom kva som er tillate i reguleringsplanen, og kva som er etablert. Planarbeidet vil vere eit viktig ledd i oppfølginga etter byggetilsyn utført i 2023. Hovudtrekka i tilsyna var skilje mellom privat og offentleg eigedom med gjerder, for høg utnyttingsgrad og privatisering av kommunal/ offentleg grunn, spesielt langs Hafslovatnet.

Reguleringsformål

Reguleringsformåla i planen (pbl § 12-5) er bygg og anlegg, samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur, grønstruktur og bruk og vern av sjø og vassdrag. Fullstendig oversikt over underformål, omsynssoner og faresoner finn ein i planomtalen.

To plankart

Luster kommune gjer merksam på at planen no har to plankart, som del av ei alternativvurdering for plassering og størrelse på brygge- og bøyeområder knytt til småbåtbruk på Hafslovatnet. Administrasjonen fekk gjennom vedtaket som vart gjort i plan- og forvaltningsutvalet, mynde til å gjere justeringar før utlegging til offentleg ettersyn. Dette mynde er brukt til å lansere to alternativ for småbåtområder, då ein såg at dei som originalt var foreslått potensielt var for konservative med tanke på kor grunt vatnet er, og kor mykje plass ein trenger per båt.

Reguleringsplanar som ny reguleringsplan overlappar vert oppheva. 

Desse er:

  • Hestnes – Endring leikeplass – planID 2012003
  • Hestnes – Felt E – planID 2007006
  • Hestnes – Felt D – planID 2004006
  • Hestnes grend C – utbyggingsplan – planID 2004005
  • Hestnes – grend A og B – utbyggingsplan – planID 1999001
  • Hestneset – planID 1989001

Plandokumenta finn du lenger ned på sida. Ein kan samhandla med plankartet på kommunekart. 
Dersom du har spørsmål ta kontakt med ansvarleg planleggar Cristina Grillo, tlf. 905 49 327 eller på e-post cristina.grillo@luster.kommune.no

Frist for å koma med merknadar er sett til 20. november 2025.

Innspel kan sendast til Luster kommune, postboks 77, 6868 Gaupne, på elektronisk høyringsskjema eller på e-post: postmottak@luster.kommune.no
Merk innspelet med plan-ID.