Detaljreguleringsplan Gaupne - høyring

Detaljreguleringsplan for Gaupne sentrum er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Fristen for å koma med merknadar er sett til 09.02.2026. 

Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune har vedteke å leggja detaljreguleringsplan for Gaupne sentrum og planID 2023002 ut på høyring og offentleg ettersyn. Vedtaket vart gjort i møte 30.06.2025 (sak PFU 49/25). Vedtaket vart gjort i medhald av plan- og bygningsloven § 12-10.

Bakgrunn for planarbeidet

Hovudføremålet med planen er å leggja til rette for sentrumsutvikling med fleire bustader i sentrum, betre parkering- og vegløysingar og utvikling av nærings- og aktivitetstilbod i sentrum av Gaupne. I tillegg vert det arbeidd med nytt helsebygg i Gaupne, sjå meir om dette under.

Norconsult har i samarbeid med Luster kommune gjennom dei siste to årene utarbeidd ulike konsept og løysingar for dei ulike problemstillingane knytt til Gaupne sentrum. Etter eit omfattande planarbeid der ein har lagt vekt på sentrumsutvikling og etablering av bustadar i sentrum, og ikkje minst der ein har hatt fokus på å inkludere næringsaktørane i sentrum, legg Luster kommune no fram planforslag basert på ein framtidsretta visjon for eit levande sentrum.

Viser til invitasjonen til ope møte 8.01.26. der planarbeidet vart gjennomgått.

Merknad 

Fristen for å koma med merknadar er sett til 09.02.2026. Innspel kan sendast til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne, på elektronisk høyringsskjema eller på e-post: post@luster.kommune.no. Merk innspelet med plan-ID.

Send inn merknad

Dersom du har spørsmål ta kontakt med ansvarleg planleggar Nikolai Weum-Andersen på e-post nikolai.hoelgaard.weum-andersen@luster.kommune.no eller telefon 41668639.