Du søkjer barnehageplass på: https://foresatt.visma.no/Luster
Den lovfesta retten til barnehageplass er knytt til dette opptaket.
Har barnet allereie ein barnehageplass, skal de berre søkje dersom de ynskjer endring av opphaldstid eller overføring til ny barnehage frå 15.08.2026.
De vil få svar på søknaden innan 1. mars 2026.
Familiar som har låg inntekt kan søkje om redusert pris for plass i barnehage.
Informasjon om barnehageopptaket 2026 – Hafslo barnehagekrins
Frå 1. august 2026 vert Gamlestova barnehage og Hafslo barnehage slått saman til ei barnehageeining med felles leiing. Opptaket av nye barn vert som tidlegare gjort i form av eit samordna opptak, jf. barnehagevedtektene til Luster kommune: «Barnehageopptaket på Hafslo vert samordna slik at årskulla vert balanserte i dei to barnehagane. På denne måten tek ein omsyn til det samla pedagogiske tilbodet.»
Barnehageopptaket med søknadsfrist 1. februar gjeld nye barn som ikkje har barnehageplass, barn som søkjer endring i storleiken på barnehageplass (endring i opphaldstid) eller barn som søkjer overføring til annan barnehage. Andre barn skal ikkje søkje på barnehageopptaket.
I og med at dei to barnehagane på Hafslo blir slått saman frå 01.08.2026, så vil det i søknadssystemet berre komme opp eitt alternativ for barnehage på Hafslo; Hafslo barnehage - som er namnet på den felles eininga.
I kommentarfeltet under punktet «Informasjon om barnet», har foreldre høve til å skrive inn ønska bygg; Nytt bygg (Gamlestova) eller noverande Hafslo barnehage bygg. Slik står dette i søknadsskjemaet:
Skriv ønskje av bygg i dette kommentarfeltet:

Kommunen kan ikkje på førehand garantere at alle får plass i det bygget ein søkjer om, men det vert lagt stor vekt på føresette sine ønske. I størst mogleg grad vert det lagt til rette for at søsken får gå i same bygg. Endeleg opptak vert gjort av kommunen i samråd med styrarane.
Når det gjeld opningstider i barnehagebygga, så vert noverande opningstider vidareført også neste barnehageår, dvs. Gamlestova barnehage (nybygget) måndag – fredag kl. 07.30 – 16.30 og Hafslo barnehage måndag – fredag kl. 07.15 – 16.15.