Høyring - Forslag ny forskrift opning jakt, minsteareal og fellingsavgift for elg, hjort og rådyr

I samband med ny viltressurslov er det sett krav i viltressursloven § 9 at kommunar som ynskjer å fastsette og krevje inn fellingsavgift for kvart dyr som vert felt av elg og hjort, må gjere dette i forskrift. I den forbindelse blir det sendt ut eit forslag til ny forskrift. Den nye forskrifta vil då oppheve forskrift om opning for jakt og minsteareal for elg, hjort og rådyr, Luster kommune.

I forskrifta er det lagt opp til at fellingsavgifta blir sett til maksimal sats for elg og vaksen hjort. For å stimulere til felling av yngre hjort er kalv sett til 65 % av maksimalsats.

 Når det gjeld opning for jakt på rådyr, hjort og elg vert det ikkje gjort noko endring for hjort. Men det blir regulert til at det berre blir opna for jakt på rådyr i sone 4 og 5. Tidlegare har det vore heile kommunen. For elg blir det opna for jakt i sone 1, 2 og 6. Det har dei siste åra etablert seg ei bestand på av elg på Hafslo. Difor er det også opna for elgjakt i sone 2. 

 Minsteareal for elg, hjort og rådyr vert det ikkje lagt opp til noko endring i denne omgang. Her har kommunen høve til å fråvike frå minstearealet med inntil 50 %. Fråviket kan gjerast på bakgrunn av ulikheita i artens levevilkår i kommunen, bestandens størrelse og utvikling, den skade viltet forårsakar eller andre ekstraordinære forhold. 

Høyringsfrist: 26.02.2026

Her kan du lesa saka og senda inn innspel