Høyring - Solvorn oppvekstsenter

Som ei oppfølging av oppdrag vedteke i kommunestyret 17. desember 2024, har kommunedirektøren utarbeidd eit høyringsnotat om ei mogleg flytting av barnehage- og skuletilbodet i Solvorn krins til Hafslo. Låge barne- og elevtal i Solvorn i tillegg til relativt kort nærleik til barnehage- og skuletilbodet på Hafslo, er sentral del av grunnlaget for saka og høyringa. Ei mogleg samanslåing av barnehage- og skulekrinsane kan tidlegast skje frå hausten 2026. 

Kva ønskjer kommunen innspel på i høyringa? 

Solvorn oppvekstsenter - Klikk for stort bileteSolvorn oppvekstsenter

Kommunedirektøren har forståing for at barnehage- og skulestruktur har fleire samfunnsmessige element utover dei faglege skildringane i dette høyringsnotatet og den økonomiske dimensjonen. 

Det er lett å skjøna at innbyggjarar ønskjer å behalda barnehagen og skulen i bygda og at folkevalde vil oppleva avgjerdsprosessar rundt struktur som krevjande. Luster kommune skal gje barn og unge eit godt barnehagetilbod og ein trygg og fagleg god skulegang. Høyringa vil vonleg gje eit breiare tilfang av synspunkt og innspel på korleis kommunen kan løysa dette samfunnsoppdraget gitt rammevilkåra som er tilgjengelege.

Alle som ønskjer kan gje innspel denne høyringa. FAU og SU ved Solvorn oppvekstsenter, fagforeiningar, grendelag, andre brukarar av skule/barnehage vert oppmoda om å senda inn svar til høyringa. Også SU ved Gamlestova og Hafslo barnehage og Hafslo barne- og ungdomsskule vert oppmoda om å gje innspel sett frå sitt perspektiv som eventuell mottakande barnehage/skule. 

Me ber særleg om innspel på følgjande spørsmål:

  • Dersom Solvorn og Hafslo krins vert slått saman og barnehage- og skuletilbodet vert samla på Hafslo, korleis trur du/de dette vil påverka opplæringstilbodet med tanke på det faglege og det sosiale?
  • Dersom skuletilbodet vert flytta til Hafslo, bør i så fall også barnehagetilbodet i Solvorn flyttast til nye Hafslo barnehage? Kva talar for og mot dette?
  • Korleis trur du/de barn, unge, føresette og lokalmiljøet i Solvorn og på Ornes vil verta påverka om ei strukturendring vert vedteke?


Barn dette gjeld vil få informasjon og moglegheit til å stilla spørsmål og seia si meining gjennom samtalar i klasserommet. Elevrådet vert invitert til å senda eigen høyringsuttale.

Høyringsfrist fredag 5. desember 2025. 

Svar på høyringa

Høyringssvar og innspel vert rekna som offentleg informasjon, og vil verta publiserte som del av sakshandsaminga. Legg difor ikkje inn personsensitive opplysningar i høyringssvaret. Les høyringsnotatet her.