
Juleglede er eit samarbeidsprosjekt mellom Luster Røde kors, Luster Frivilligsentral, Kyrkja i Luster, Gaupne Helselag, Luster Lions og Luster kommune.
Juleglede har som mål å gjere ein forskjell. Me samarbeider for å gje familiar med økonomiske utfordringar høve til å få ei gåve til borna og ei ekstra julehelsing til heile familien.
Julehøgtida forsterkar kjenslene våre, både glede og sorg. Det kan av ulike årsaka vere ei sår og vanskeleg tid for mange. Julehøgtida handlar i hovudsak ikkje om materielle ting, men om å vere saman med familie, venner og dei ein er glade i.
På same tid ser me ei auke i søkarar kvart år. Det kan vere ulike grunnar til at nokon av oss får økonomiske utfordringar. Livet gjev oss ingen garantiar og det kan skje noko som fører til at økonomien blir sett på prøve. Om ein har forsørgjaransvar vert dette sjølvsagt ekstra vanskeleg. Kjøpepress og forventningar kan skape vanskelege tankar for foreldre om å ikkje strekke til, eller at ein ikkje kan gje barna noko dei ynskjer seg til jul.
Juleglede ønskje å bidra til at familiar får litt færre bekymringar og at julehøgtida blir god for alle. Gjennom lokalt samarbeid har Juleglede som mål å gjere ein forskjell ved å gje familiar med økonomiske utfordringar mogelegheita til å ta imot ei gåve til borna og ei ekstra julehelsing til familien.
Slik går du fram for å søke
- Skjema og postkasse finn du på Helsesenteret i Gaupne eller innafor døra på Rådhuset.
- Søknadsskjema er heilt anonymt.
Hugs å oppgje all naudsynt opplysning; tal familiemedlemar, kjønn og alder på borna. - Del skjema i to.
- Øvste delen av skjema legg du i postkassa merka med Juleglede 2025.
- Nedste delen på skjema tek du vare på. Dette er ei kvittering som skal nyttast når du hentar julegåvene.
Fristar og tidspunkt
Frist for innlevering av skjema er fredag 28. november.
Henting av julegåver: 11. og 12. desember kl. 09 - 15 på Frivilligsentralen - Friskhuset i Gaupne, 2. etg.
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med Luster Røde Kors – tlf. 470 13 690.

Vennleg helsing arbeidsgruppa i Juleglede 2025