I regi av Norsk Hjortesenter vert det arranger kurs før hjortejakta for jegerar og grunneigarar.
Kurset er utforma som to forelesningar på 45 minutt, og vart første gong arrangert i Nordfjord i februar 2025. Kurset fekk mange deltakarar og god evaluering i etterkant.
- Den eine forelesinga handlar om hjorteforvaltning med særskilt fokus på bukk og tiltak for å sikre høgare innslag av vaksen bukk i hjortestamma. Dette er eit tema som opptek mange jegerar i fylket. I forelesinga vert det vist til statistikk som skildrar forholda i kurskommunen.
- Den andre forelesinga handlar om kva ein skal gjere for å ta hand om eit hjorteslakt på best mogleg måte etter at eit dyr er felt. Her går ein gjennom ulike slakteteknikkar, skilnad på hann- og hodyr i slaktinga, god hygiene i alle fasar, transportmetodar, feltkontrollordninga og mattilsynet sin kontroll på viltmottaka. Vi presenterer også næringsklynga og kor ein eventuelt kan lever hjorteslakt i Vestland.
Kurset er gratis og finn stad 27. august klokka 19.00-21.00 i kommunestyresalen på rådhuset i Gaupne.
Påmelding skal sendast på e-post: runar.hatlevoll@luster.kommune.no innan måndag 25. august.