Utsikt ut Lustrafjorden mot Molden med Skjolden og oppvekstsenteret i forgrunn
Ørjan Talle
Inneverande skule- og barnehageår har mangeårig leiar ved oppvekstsenteret, Ellen Havellen, vore konstituert som rektor og styrar.
Utviding og utvikling
Skulen er fådelt med aldersblanda klassar. Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Barnehageavdelinga er under ombygging no i vårhalvåret for å kunne utvide til to barnehageavdelingar frå hausten.
Inneverande barnehage- og skuleår er det 17 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 11 årsverk.
Skjolden oppvekstsenter
Ørjan Talle
Kort veg til møteplass og aktivitetar
Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med utsyn utover Lustrafjorden. Det er kort veg til den unike møteplassen i bygda, Fjordstova, som har både symjebasseng, gymsal og klatrevegg.
Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde.
“Rom for alle, blikk for den enkelte”
Både barnehage og skule brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa. Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».
Assisterande styrar/rektor
Utsikt frå rektorkontoret
Ørjan Talle
Også stillinga som assisterande styrar/rektor er ledig. Den stillinga har per i dag følgjande inndeling: 20 % administrasjon og 80 % pedagogisk leiar/barnehagelærar i barnegruppe.