Møte i formannskapet

Onsdag 20. august frå kl. 09.00 held formannskapet møte på Rådhuset. Dei skal mellom anna drøfte budsjett og nasjonalpark.

  • Halvårsrapport og budsjettregulering 2025
    Halvårsrapporten viser at drifta i stor grad følgjer planen, men uver tidlegare i år har ført til endringar i veg- og byggprosjekt. Spesialomsorg og driftsendringar pressar budsjettrammene, og kommunen kan ikkje rekne med ekstra inntekter frå kraft eller integreringstilskot i år. Førebels prognose viser eit meirforbruk, og føreslegne budsjettendringar på 14,7 mill. vil gje eit revidert budsjett med minus 15,6 mill. Tiltak for å bremse utviklinga må setjast i verk hausten 2025.
  • Utviding av Jotunheimen nasjonalpark
    Saka gjeld vidare prosess for utviding av nasjonalparken, inkludert vern av nytt areal og omgjering av landskapsvernområde til nasjonalpark. Kommunen legg vekt på tiltak som sikrar villreinen, dialog med grunneigarar og ei praktisk forvalting som ivaretek verneverdiane.
  • Næringsfondet
    Fleire søknader om lån og tilskot frå næringsfondet skal handsamast.

Sakslista og saksdokumenta finn du her.

Møtet blir sendt direkte på kommune-TV.