Møte i nye UK

Måndag 27. oktober kl. 09.00–15.00 er det første møtet for dei nye medlemane i Ungdommen sitt kommunestyre i Luster. Møtet blir halde på rådhuset.

Dette møtet markerer starten på ein ny periode der ungdom får høve til å påverke, kome med innspel og bidra til utviklinga av kommunen.

Agenda for dagen

Formålet med det første møtet er å bli kjent og få ei god innføring i arbeidet som ventar. Medlemmane skal mellom anna:

  • Få opplæring i korleis Ungdommens kommunestyre fungerer
  • Velje leiar og nestleiar
  • Velje arbeidsutval
  • Få informasjon om kommunen og aktuelle ungdomssaker
    I tillegg vil Folkehelse presentere ulike prosjekt som er relevante for ungdom i Luster.

Dette er ein viktig dag for alle nye medlemmar og lukke til med arbeidet for ungdom i Luster gjennom Ungdommen sitt kommunestyre! 🌿

Du kan sjå møteoversikt og møtedokument her