Ungdomen sitt kommunestyre har møte på rådhuset måndag 2. februar frå klokka 9.00.
I tillegg til vanlege saker får UK besøk av eksterne personar:
- Roar Sandnes, rektor ved Sogn kulturskule, kjem for å informere og drøfte om UK kan vere eit rådgjevande organ for skulen.
- Gøril Hillersøy, mobbeombodet i Vestland, kjem for å informere om årsmeldinga deira.
- Representantar frå kommunen si administrasjon informerer om fleire ulike saker (sjå saknr. 3/26).
UK får også høve til å:
- Gje innspel til trafikktryggleiksplanen
- Uttale seg om reguleringsplanar i Gaupne sentrum og Gaupnegrandane
- Drøfte kulturutveksling med venskapskommune i USA
- Velje delegatar til fylkesting for ungdom
Saksdokumenta til møtet finn du her