Stad: Rådhuset i Gaupne (kommunestyresalen)
Tid: 24. mars, kl. 19:00- 21:00
Frå første januar 2026 gjeld nye krav til gjødslingsplan, og gamal forskrift om gjødslingsplanlegging er oppheva. Gamle fritak for gjødslingsplan er oppheva, og det er kome nye grenser for når det er krav om gjødslingsplan. No skal alle dokumentere eiga gjødsling, og det er strenge krav til maks mengde fosfor i gjødslinga.
Program:
Martin Søgnen frå Statsforvaltaren i Vestland og Marit H. Halsnes frå Norsk landbruksrådgiving fortel om regelverk og det praktiske.
Gardbrukar Hermund Prestegård viser korleis han held oversikt over kva gjødsel og sprøytemiddel som vert brukt, kvar og kor mykje.
Det vert enkel servering. Fint om de gjev beskjed om eventuelle allergiar.
Påmelding innan 18. mars til Anne Sigrid Kvam anne.sigrid.kvam@luster.kommune.no eller på telefon 948 47 036. Ber om at de opplyser om tal personar dersom de stiller med fleire.
På lenka Nye krav til bruk av gjødsel kan du lese meir om dei nye krava, sjå fosforkalkulatoren, finne søknadsskjema for spreiing av husdyrgjødsel på innmarksbeite med meir. Me vil oppfordre dykk til å prøve fosforkalkulatoren for å sjå om de har nok spreieareal etter dei nye grensene.
Vel møtt!