Bakgrunnen for Nordens dag: Helsingforsavtalen – Nordens «grunnlov»
Nordens dag markerer inngåing av Helsingforsavtalen i 1962. Avtalen regulerer det offisielle nordiske samarbeidet og legger grunnen for mykje av kontakten me har med våre nordiske naboar i dag.
Helsingforsavtalen blir kalla Nordens «grunnlov» fordi den sikrar at me som bur i Norden, skal behandlast likt. For eksempel skal:
- undervisninga omfatte Nordens språk, kultur og samfunnsforhold
- lover og regler bli mest mogleg like i dei nordiske landa
- Norden vere eitt heimeområde for studiar
- me nyte godt av sosiale gode når me oppheld oss i eit naboland
- me styrke samarbeidet innan arbeidslivet, transport og miljø, og innan ei rekke andre område
Samhold mellom nordiske naboar er viktig i ei tid med krig i Europa og auka press frå stormaktene.
Sentralt i markeringa står dei langvarige og nære banda mellom innbyggarane i Norden, som utgjer sjølve kjernen i fellesskapet. Tilliten som pregar relasjonane mellom menneske i Norden er grunnlaget for alt anna nordisk samarbeid, også når det gjeld sikkerheit og beredskap. Me er en region sameina i felles verdiar og ein felles, nordisk samfunnsmodell. Feiringa av Nordens dag er ikkje berre ei påminning om vår felles historie og vårt grunnleggande kulturfellesskap. Det er også en forplikting til å verne om våre verdiar og fridom, og eit løfte me gjev kvarandre som naboar om å bygge ein endå sterkare og meir integrert nordisk region for framtida.
Les meir om Nordens dag.