Opning Hafslo ungdomsklubb
Onsdag 4. februar er det offisiell opning av Hafslo ungdomsklubb, og dette gler me oss veldig til!

Ungdomsklubb-styret på Hafslo har lagt ned ein solid innsats for å få alt klart til opninga, og resultatet er ein møteplass der ungdom kan trivast, vere sosiale og engasjere seg i eit trygt og inkluderande miljø.
Me ser fram til å ønskje ungdommane velkomne til ungdomsklubben på Hafslo, og håpar mange tek turen innom.
For fleire oppdateringar, følg @ungdom_i_luster på Facebook og Instagram.