Planarbeid Gaupne - ope møte
Torsdag 8. januar inviterer Luster kommune til ope møte i kommunestyresalen på Rådhuset i Gaupne klokka 18:00, der det vil vere mogleg å stille spørsmål og kome med innspel til planane. Bakgrunnen for møtet er det pågåande planarbeid i Gaupne, med utgangspunkt i ny regulering av Gaupne sentrum.
Ny reguleringsplan for Gaupne sentrum er no på offentleg høyring. Planen har som hovudføremål å leggja til rette for sentrumsutvikling med fleire bustader i sentrum, betre parkering- og vegløysingar og utvikling av nærings- og aktivitetstilbod i sentrum av Gaupne. I tillegg vert det arbeidd med nytt helsebygg.
Reguleringsplan for Gaupnegrandane er ikkje ny, men har ligge stille en stund. Planarbeidet er no starta opp igjen, og planen blir sendt på ny høyring i starten av januar. Mål for planarbeidet er å få utnytta ledig areal betre, få regulert noko nytt areal som kan nyttast til næring og friområde, få betra tilkomst til eksisterande næringstomter og endra arealbruken nokon stader.
Planane ligg på heimesida og på arealplaner.no