Politiske møte denne veka

Denne veka har plan- og forvaltningsutvalet og formannskapet møte på rådhuset. 

Plan- og forvaltningsutvalet (PFU)

Plan- og forvaltningsutvalet (PFU) held møte tysdag 27. januar frå klokka 9.00. Dei skal handsama mellom anna ulike konsesjonssaker og planrelaterte saker. 
Heile sakslista finn du her

Formannskapet

Formannskapet held møtet onsdag 28. januar frå klokka 9.00 på rådhuset.
Dei skal handsama mange saker denne dagen, mellom anna:

  • Barnehage- og skuletilbod i Solvorn krins
  • Sluttføring av økonomiplan og planleggingsprogram 2026-2029 og budsjett 2026.
  • Retningsliner næringsfondet
  • og mykje meir

Sjå møtet direkte på kommune-TV.
Møtet kan du også sjå i opptak i etterkant av møtet. 

Heile sakslista finn du her