Marin forsøpling er eit stort problem som går hardt utover livet i havet, og i neste rekke, livet på land. Difor arrangerer me ryddedugnad for heile Sognefjorden 4. september, og då treng me gode og kjekke frivillige ryddeleiarar og ryddarar! Blir du med?
Frivillig ryddar
Som frivillig ryddar treng du eigentleg ikkje å gjere så mykje meir enn å melde deg på ein dugnad med eit ryddelag nær deg, og møte opp til avtalt tid. Om du har lyst å rydde i ditt nærområde med ein eigen gjeng, t.d. familien eller nokre vener, så kan du melde deg på med eit eigelag og avtale henting av sekker og utstyr sjølv!
Lokal ryddeleiar
Som lokalryddeleiar er du ansvarsperson for eit ryddelag som folk kan melde seg på. Dine oppgåver inneber å finne ein stad i ditt lokalområde som treng rydding, hente hanskar og sekkar til laget ditt, avtale henting av boss med kommunekontakt, og å vere hyggeleg, hjelpsam og generelt gjere ditt beste for å skape ei god oppleving for dei som er med! Du treng inga erfarning som gruppeleiar, me gir deg gode råd og oppfølging sånn at du er trygg på kva du skal gjere!
Meir info på www.framtidshavet.no
Kontakt oss på post@framtidshavet.no
Ein strandryddedugnad der me ryddar såmykje marin forsøpling me kan på ein dag.
Marin plastforsøpling er eit enormtproblem som påverkar livet i havet ogalle som har noko med havet å gjere.Det må me gjera noko med!
På land og i strandsona langs heilekysten av Sognefjorden!
Det brakar laus torsdag 4. september, men meoppfordrar til rydding gjennom heilestrandryddingsveka som i år er 12.-21. september.
Alle som vil! Enten du bur rundt Sognefjorden ellerhar lyst å ta turen for å vere med på dugnad er duhjarteleg velkomen til å delta!
Stiftinga Framtidshavet er initiativtakar og hovudarrangør.Me jobbar saman med kommunane, lokalt næringsliv ogdiverse organisasjonar rundt fjorden for å få til ågjennomføre denne dugnaden.
- Arranger ein dugnad med ditt eige ryddelag og rydd der du vil!
- Me jobbar for at det skal vere ein offentleg dugnad som ein kan melde seg på i kvar kommune. Melder du deg på ein av desse treng du berre å møte opp!
- Har du lyst å bidra med noko anna? Gi oss ein lyd! Du når oss på post@framtidshavet.no