Veljarar busett i Norge blir automatisk innført i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.
Flyttar du til en anna kommune etter 30. juni, har du stemmerett i den kommunen du flyttar frå.
Manntalet for Luster kommune til Stortingsvalet er utlagt på rådhuset.
Du kan også ringe rådhuset, 57 68 55 00 og spørje om du står i manntalet.
Klage på manntalet
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen blir retta opp. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve, og sendast til: Luster kommune, valstyret, Postboks 77, 6866 Gaupne.
Sjå meir informasjon om valet og opningstider.