Valdagen til Stortingsvalet er 8. september.
Viss du vil førehandsstemme og ikkje kan førehandsstemme i perioden 11. august – 5. september, kan du «tidlegstemme» på rådhuset frå 1. juli – 8. august.
Du kan avtale tidspunkt for å tidlegstemme ved å ringe 90815945 eller sende epost til post@luster.kommune.no
Hugs at du kan stemme i den kommunen du vil, og du må ta med legitimasjon med namn, fødselsnummer og bilete, til dømes pass, førarkort, id-kort.
Dei som står i valmanntalet til sametingsvalet, kan førehandsstemme i Luster, ikkje stemme på valdagen.
Sjå meir informasjon om valet og opningstider førehandsstemming i Luster.