Til mjølkeprodusentane i Luster kommune

Luster kommune saman med Storfeprosjektet i Vestland inviterer alle båsfjøsbønder i Luster til fagmøte. Hovudfokus på møtet er utbygging frå bås til lausdrift, men òg fokus på kor viktig mjølkeproduksjonen er for Luster kommune.

 Tid: torsdag 6. november  

 Stad: Rådhuset i Gaupne

 Program:

 11:00 Opning ved ordføraren

           Kvifor er det viktig å halde oppe talet på gardsbruk og mjølkeproduksjonen i Luster?   

11:30  Døme på fleksible lausdriftsfjøs mellom 15 og 30 mjølkekyr.

     Kva kostar desse fjøsa i dag?

12:00  Matservering.

12:30  Innovasjon Norge, finansiering og regelverk.

13:10  Orientering om høve til lån og tilskot frå næringsfondet i kommunen

          Luster Sparebank om finansiering og erfaringar

13:30  Er det realistisk å bygga denne type fjøs med dagens rammevilkår?

 

Innleiarar:

Luster kommune, landbrukskontoret

Luster Sparebank

Knut-Olav Øvreeide, bygningsrådgjevar TINE

Vemund Aartun, Innovasjon Norge

Jo Helge Sunde, Storfeprosjektet i Vestland

 

På grunn av matservering treng me påmelding seinast fredag 31. oktober

 til Anne Sigrid Kvam, tlf: 948 47 036 eller e-post: anne.sigrid.kvam@luster.kommune.no

Beste helsing

Luster kommune og Storfeprosjektet i Vestland