Trafikktryggingsplan

Oppstart revidering av handlingsplan 2026-2030, kommunal plan for trafikktrygging for Luster kommune

Gjeldande kommunal plan for trafikktrygging 2022-2030, vart vedteke av kommunestyret 16.06.22 i sak 40/22. 

Planen har to delar; Del 1 er den langsiktige hovudplanen som skal reviderast kvart 8. år. 
Del 2 er handlingsprogrammet som skal reviderast i kvar valperiode, dvs. kvart 4. år. Del 2 skal reviderast i 2026. Det er høve for alle å engasjere seg og komme med innspel til handlingsprogrammet.

Frist for å koma med innspel er sett til 27. februar
Innspel kan sendast til Luster kommune, postboks 77, 6868 Gaupne, på elektronisk høyringsskjema eller på e-post: postmottak@luster.kommune.no. Merk innspelet med «sak 25/3540». 

Send innspel til høyring og les høyringsbrev her